Photoevent

Verdikort

Dette reisekortet passar for deg som reiser i Sogn og Fjordane av og til. Kortet gir 17 % rabatt på billettar over minstetakst, og gjeld for vaksen eller barn.

Verdikortet fungerer som eit reisekort du fyller pengar på. Du kan bruke kortet som betaling når du skal reise på lokalbuss* og båt**  i Sogn og Fjordane i Vestland.

Verdikortet er ikkje personleg, noko som betyr at fleire kan dele på eitt verdikort.

Slik kjøper du verdikort

Du kjøper verdikort direkte hos sjåføren på bussen eller billettøren på båten. Verdikort for reiser på berre ferje, får du kjøpt hos ferjeselskapet.

Verdikortet må fyllast på med minimum 300 kr. kvar gong. 

Her kan du ikkje bruke verdikort

* Du kan ikkje bruke verdikortet på Vy eller Nor-Way Bussekspress sine ekspressbuss-ruter. Du får ikkje verdikort-rabatt på flybuss.

** Verdikortet gjeld ikkje for bil på lokalbåt eller ferje.

Pant på kortet

Første gong du kjøper verdikortet, må du betale 100 kr i pant for produksjon av kortet.

Pant vert refunfert på alle kort som ikkje skal brukast meir, og som vert innlevert. Dersom kortet er øydelagt, vert ikkje panten refundert.

 

Del dette:

Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk