Ungdomskort , ung gut viser det fram

Reis så mykje du vil med ungdomskort i heile Vestland.

Ungdomskort

Ungdomskortet er eit tilbod for deg mellom 16 til og med 20 år.

Alle mellom 16 til og med 20 år kan bruke Kringom sitt ungdomskort. Dersom du tek til i vidaregåande opplæring i august, men fyller 16 år seinare på året, kan du likevel kjøpe ungdomskort frå skulestart.

Ungdomskortet gjeld for eit uavgrensa tal reiser i 30 dagar frå kjøpsdato, og gjeld på alle kollektivreiser i Sogn og Fjordane*. Frå og med 15. januar er prisen for ungdomskortet 370 kroner.

(* Ungdomskortet gjeld ikkje på private turistruter med buss, båt og ferje).

Vi gjer merksam på følgjande:

Vestland: Ungdomskortet gjeld i heile Vestland og ikkje berre i tidlegare Sogn og Fjordane.

Ungdomskort på Vy: Dersom du skal nytte Kringom sitt ungdomskort på Vy i Sogn og Fjordane, kan du bli bedt om å vise fram gyldig kvittering. Ta difor vare på kvitteringa du får når du fyller på kortet. Om du mister kvitteringa, kan du be sjåføren på ein Kringom-buss om å få ein kopi av kvitteringa.

Kjøp og fornying av ungdomskortet

Kringom sitt ungdomskort får du kjøpt ved å ta kontakt med ruteselskapa, eller bestille dei elektronisk ved å følgje lenkene nedanfor.

Ungdomskortet er personleg, så hugs å legge ved bilde av deg sjølv når du skal bestille kortet.

Du kan fornye ungdomskortet på bussen* eller på kontora til ruteselskapa (* Merk - ikkje på Vy sine bussar). Hugs at du må vise gyldig legitimasjon når du skal fylle på kortet.

Du kan og bruke Skyss Billett-appen til å kjøpe ungdomsbillett som gjeld i heile Vestland. 

Pant og refusjon

Når du kjøper ungdomskortet for første gong, må du betale 100 kroner i pant for produksjon av kortet. Pant vert refundert på alle kort som ikkje skal brukast meir, og som vert innlevert. Dersom kortet er øydelagt, vert ikke panten refundert.

Dersom kortet vert sperra ved misbruk, eller eigar av kortet ber om at kortet vert sperra, kostar det 100 kroner i gebyr for å få kortet aktivert. Dersom det førekjem teknisk feil på kort, skal restverdi og pant tilbakebetalast utan å ta administrasjonskostnader.

Ved sjukdom slik at kortet ikkje kan nyttast, betaler selskapa tilbake 1⁄30 av månadsprisen pr. dag kortet ikkje har vore nytta, men ikkje for færre enn 10 dagar. Tilbakebetalinga gjeld 30 dagar frå kjøpsdato.

 

Del dette:

Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk