Ungdomskort , ung gut viser det fram

Reis så mykje du vil i heile Sogn og Fjordane!

Ungdomskort

Ungdomskortet er eit tilbod til deg som er mellom 16 og 19 år. 

Alle mellom 16 og 19 år kan bruke ungdomskortet. Dersom du tek til i vidaregåande opplæring i august, men fyller 16 år seinare på året, kan du likevel kjøpe ungdomskort frå skulestart.

Ungdomskortet gjeld for eit uavgrensa tal reiser i 30 dagar frå kjøpsdato, og gjeld på alle kollektivreiser innanfor Sogn og Fjordane sine fylkesgrenser*. I 2019 er prisen for ungdomskortet 365 kroner.

(* Ungdomskortet gjeld ikkje på kommersielle/private turistruter på buss, båt og ferje).

Kortet får du kjøpt ved å ta kontakt med ruteselskapa, eller bestille dei elektronisk ved å følgje lenkene nedanfor. Ungdomskortet er personleg, så hugs å legge ved bilde av deg sjølv når du skal bestille kortet.

Du kan fornye ungdomskortet på bussen eller på kontora til ruteselskapa. Hugs at du må vise gyldig legitimasjon når du skal fylle på kortet.

Når du kjøper ungdomskortet for første gong, må du betale 100,- kr. i pant for produksjon av kortet. Pant vert refundert på alle kort som ikkje skal brukast meir, og som vert innlevert. Dersom kortet er øydelagt, vert ikke panten refundert.

Påbyrja periode vert ikkje refundert. Ubrukt, ikkje påbyrja periode, vert refundert med aktuell kjøpspris.

Dersom kortet vert sperra ved misbruk, eller eigar av kortet ber om at kortet vert sperra, kostar det kr. 250,- i gebyr for å få kortet aktivert. Dersom det førekjem teknisk feil på kort, skal restverdi og pant tilbakebetalast utan å ta administrasjonskostnader.

Ungdomskort kan brukast fram til den dagen du fyller 20 år.

Kontaktinformasjon til selskapa finn du her.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk