Jenter som ser på reiseplanleggar

Ungdomskort - på mobilen om du vil

Med ungdomskortet kan du reise kollektivt med alle* bussar, båtar og ferjer i heile Vestland. Du kan også reise med Bybanen i Bergen og tog mellom Bergen og Vieren.

Kringom blir Skyss: Frå og med 20. juni blir Kringom til Skyss og du kan reise med Skyss i heile Vestland. Dette betyr betre og billigare bussbillettar i Sogn og Fjordane, som du også kan kjøpe på nye måtar. Kringom Ungdomskort vil ikkje lenger vere gyldig, men du kan enkelt kjøpe Skyss Ungdomsbillett i appen Skyss Billett eller nettbutikken. Sjå kva som blir nytt for deg på skyss.no. 

 

*Sjå full oversikt under Her kan du bruke ungdomskortet

Ungdomskortet kostar 380 kroner for ein 30-dagarsperiode og gjeld for deg som er mellom 16 og til og med 20 år.

Du kan ha ungdomskortet som billett på mobiltelefonen din. 

Om du ikkje vil eller kan ha ungdomskortet på mobilen din, kan du framleis kjøpe og bruke eit fysisk ungdomskort. 

På denne sida finn du alt du treng å vite om ungdomskortet.

Ungdomskort på mobilen

Du som er mellom 16 og 20 år og skal reise kollektivt i Vestland, kan kjøpe ungdomskort i Skyss sin billett-app. I Skyss billett-appen kjøper du billetten som heiter Ungdomsbillett. Denne gjeld i heile Vestland.

Obs: Det er berre Ungdomsbillett frå Skyss billett-app som er gyldig i Sogn og Fjordane. Andre billettar kjøpt i Skyss billett-app er ikkje gyldige på reiser i Sogn og Fjordane.

Slik kjøper du Ungdomsbillett i Skyss billett-app:

  • Last ned appen Skyss billett på mobiltelefonen din
  • Gå til Meny og vel Kjøp ungdomsbillett
  • Billetten gjeld frå den dagen du kjøper han og i 30 dagar
  • Du finn kvittering i appen under Mine billettar - denne kan du måtte vise ved kontroll

Sjå rettleiing for bruk av app her

Her finn du meir informasjon om billettar kjøpt i Skyss billett-app

Slik kjøper du ny 30-dagarsperiode i Skyss billett-app

Du kjøper ny periode sjølv i appen, eller ved å bruke Skyss nettbutikk. Du kan ikkje kjøpe ny periode hos sjåfør eller mannskap på bussar og båtar i Vestland.

Slik brukar du Ungdomsbillett frå Skyss billett-app i Sogn og Fjordane

Vis fram billetten

Når du skal reise i Sogn og Fjordane må du vise fram Ungdomsbilletten til sjåfør eller mannskap når du går om bord i bussen, båten eller ferja.

Gyldig dokumentasjon ved kontroll

Alle som reiser med rabatterte billettar, slik som t.d. Ungdomsbillett, skal kunne vise fram gyldig dokumentasjon på at dei har krav på rabatten. For deg som reiser med ungdomsbillett i Skyss billett-app er følgjande gyldig som legitimasjon: gyldig identitetskort (med namn, fødselsdato og bilde), bankkort med bilde eller pass.

Dersom du ikkje kan bevise at du tilfredsstiller kravet til alder (16 til og med 20 år), har du ikkje rett til å reise med ungdomsbilletten, og må kjøpe ordinær billett.

Ein reisande per billett

Det er berre mogleg å reise ein person om gongen på den same billetten.

Slik brukar du Ungdomsbillett i Skyss billett-app i Hordaland

Gå om bord

På reiser med buss og bybane i Bergen treng du ikkje vise fram billett når du går om bord. Her kan du bruke alle inngangar. I resten av Hordaland, både på buss og båt, viser du som regel fram billetten når du går om bord.

Billettkontroll i Hordaland

Hugs at Ungdomsbilletten må vere gyldig når du skal reise, og at du i ein eventuell kontroll må ha tilstrekkeleg batterikapasitet til å kunne vise fram gyldig billett (dette gjeld under heile reisa).

Her finn du meir informasjon om billettkontroll

Gyldig dokumentasjon ved kontroll

Alle som reiser med rabatterte billettar, slik som t.d. Ungdomsbillett, skal kunne vise fram gyldig dokumentasjon på at dei har krav på rabatten. For ungdomsbillett er følgjande gyldig som legitimasjon: gyldig identitetskort (med namn, fødselsdato og bilde), bankkort med bilde eller pass.

Kven kan bruke ungdomskort

Alle mellom 16 til og med 20 år kan bruke Kringom ungdomskort eller Skyss Ungdomsbillett.

Dersom du tek til i vidaregåande opplæring i august, men fyller 16 år seinare på året, kan du likevel kjøpe ungdomskort frå skulestart. Du må dokumentere gjennom inntaksbeviset at du er elev i den vidaregåande skulen ved eventuell billettkontroll.

Her kan du bruke ungdomskortet

Ungdomskortet gjeld på følgjande transportmiddel:

Kringom ungdomskort og Skyss ungdomsbillett gjeld i heile Vestland på alle bussreiser med Kringom og Skyss. Ungdomskortet/ungdomsbilletten kan også nyttast på: 

Andre bussar:

  • Fram sine bussruter i Sogn og Fjordane
  • Kolumbus sine bussar (inkludert nattavgangar) i kommunane Haugesund, Karmøy, Bokn, Tysvær og Vindafjord i Rogaland.
  • Skyss sine “Trygt heim”-ruter i Hordaland
  • Obs: Gjeld ikkje på Kringom sine Trygt Heim-ruter i Sogn og Fjordane
  • Obs: Gjeld ikkje på Flybussen i Bergen

Bybanen:

  • Bybanen i Bergen

Båt:

  • Alle lokalbåtruter i Sogn og Fjordane
  • Norled sine ekspressbåtruter mellom Sogn og Bergen, og Nordfjord og Bergen
  • Alle båtruter i Hordaland med følgjande unntak:
    • Båtrute Osterfjorden
    • Geitanger- Knappskog
    • Turistrute Hardanger (Norheimsund - Herand - Utne - Kinsarvik - Lofthus - Ulvik - Eidfjord)

Merk: På ekspressbåtane mellom Sogn og Bergen, og Nordfjord og Bergen kan du som reiser med ungdomsbillett reserve plass. Det gjer du enkelt på norled.no

Ferje:

  • Alle ferjesamband i Vestland.
  • Dei fleste ferjesamband i Vestland brukar AutoPASS-regulativet, der passasjerar reiser gratis. Der det ikkje er gratis, kan du bruke ungdomsbilletten/ungdomskortet.

Ekspressbuss:

Vy ekspressruter: 

  • VY146 Måløy - Stryn – Oslo: Gjeld på alle strekningar mellom Måløy og Grasdalen på Strynefjellet (fylkesgrensa).
  • VY170 Førde - Sogndal - Lærdal – Oslo: Gjeld på alle strekningar mellom Førde og Hemsedalsfjell fylkesgrensa.
  • VY450 Sogndal - Voss – Bergen: Gjeld på alle strekningar mellom Sogndal og Bergen.
  • VY430 Fjordekspressen Bergen-Ålesund: Gjeld på alle* strekningar mellom Bergen og Holmøyvik (fylkesgrensa). *Obs: Ungdomsbilletten/kortet kan ikkje brukast på korte, lokale reiser mellom Bergen og Knarvik. På denne strekninga må reisande bruke Skyss sine bussar.

Merk: På Vy sine avgangar kan du som reiser med ungdomskort reservere plass, sjå Vy.no for meir informasjon.

Nor-Way ekspressruter: 

  • NW180 Haukeliekspressen: Gjeld mellom Odda – Røldal - Etne 
  • NW420 Sogndal – Lærdal – Flåm – Voss – Bergen: Gjeld på alle strekningar Sogndal og Bergen.
  • NW162 Øst-Vestekspressen: Lillehammer – Fagernes – Lærdal – Flåm – Voss – Bergen: Gjeld på alle strekningar mellom Bergen og Filefjell fylkesgrensa.
  • NW400 Kystbussen: Bergen – Haugesund - Stavanger: Gjeld på strekningar mellom Bergen og Haugesund rutebilstasjon. NB: Ungdomsbilletten kan ikkje brukast på reiser mellom Bergen og Halhjem.
  • NW431 Fjordekspressen: Bergen - Førde - Stryn (- Trondheim): Gjeld på alle strekningar mellom Bergen og Grasdalen på Strynefjellet (fylkesgrensa). Obs: Ungdomsbilletten/kortet kan ikkje brukast på korte, lokale reiser mellom Bergen og Knarvik. På denne strekninga må reisande bruke Skyss sine bussar.

Merk: På Nor-Way si rute NW431 Fjordekspressen kan du som reiser med ungdomskort reserve plass, sjå Nor-Way.no for meir informasjon.

NB: Ungdomskortet har ikkje plassgaranti på ekspressbussane. 

Tog:

  • Avgangar mellom Bergen og Myrdal (Vossebanen) (Obs: Ungdomskortet kan ikkje nyttast på regiontog/fjerntog (tog mellom Bergen og Oslo).

Reservere plass på ekspressbuss

Ver obs på at du som reiser med ungdomsbilletten ikkje har plassgaranti på ekspressbussane. På fleire av ekspressrutene kan du reservere plass for eit tillegg i prisen.

Reservere plass på ekspressbåt

På ekspressbåtane mellom Sogn og Bergen, og Nordfjord og Bergen kan du som reiser med ungdomsbillett reservere plass. Det gjer du enkelt på norled.no

Ungdomskort som fysisk kort

Du kan framleis kjøpe Kringom ungdomskort som eit fysisk kort. Dette er eit lite plastkort med same storleik som eit bankkort.

Slik kjøper du fysisk ungdomskort

Kringom sitt ungdomskort får du kjøpt ved å bestille kortet elektronisk ved å følgje lenkene nedanfor, eller ved å ta kontakt med ruteselskapa i Sogn og Fjordane.

Ungdomskortet frå Kringom er personleg og kan berre brukast av den som kjøper kortet. Hugs å legge ved bilde av deg sjølv når du skal bestille kortet.

Slik kjøper du ny 30-dagars periode til fysisk ungdomskort

Du kan kjøpe ny periode for det fysiske ungdomskortet på Kringom sine bussar* og lokalbåtar i Sogn og Fjordane, på Norled sine ekspressbåtar mellom Sogn og Fjordane og Bergen, eller på kontora til ruteselskapa.

*Merk at du ikkje kan fylle på Kringom sitt ungdomskort på Vy eller Nor-Way sine ekspressbussar.

Hugs at du må vise gyldig legitimasjon når du skal fylle på kortet. Når du kjøper ein ny periode får du kvittering. Denne må du ta vare på.

Slik brukar du Kringom sitt fysiske ungdomskort

Du må vise kortet til sjåfør eller båtmannskap når du går om bord. Dette gjeld på Kringom sine bussar, på lokalbåtane i Sogn og Fjordane og ekspressbåtane mellom Sogn og Fjordane og Bergen.

Skal du reise med ekspressbuss (Vy eller Nor-Way sine linjer) eller i Hordaland, må du i tillegg til ungdomskortet vise fram kvitteringa som viser at du har ein gyldig periode på kortet.

Påbyrja periode på Kringom ungdomskort

Dersom du har kjøpt ein 30-dagarsperiode på Kringom ungdomskort, og ønskjer å gå over til Ungdomsbillett i Skyss billett-appen, oppmodar vi deg til å gjere dette når du skal kjøpe ein ny 30-dagars periode.

Påbyrja periode med Kringom ungdomskort vert ikkje refundert, jf. Kringom sine vilkår.

Pant og refusjon av pant

Når du kjøper Kringom sitt ungdomskort for første gong, må du betale 100 kroner i pant for produksjon av kortet. Pant vert refundert på alle kort som ikkje skal brukast meir, og som vert innlevert. Dersom kortet er øydelagt, vert ikkje panten refundert.

Ta kontakt med operatøren du kjøpte kortet hos for å få refundert panten. Du finn kontaktinformasjon til operatørane her.

Dersom kortet vert sperra ved misbruk, eller eigar av kortet ber om at kortet vert sperra, kostar det 100 kroner i gebyr for å få kortet aktivert. Dersom det førekjem teknisk feil på kort, skal restverdi og pant tilbakebetalast utan å ta administrasjonskostnader.

Ved sjukdom slik at kortet ikkje kan nyttast, betaler selskapa tilbake for dei dagane kortet ikkje har vore nytta, men ikkje for færre enn 10 dagar. Tilbakebetalinga gjeld 30 dagar frå kjøpsdato.

Kva er forskjellen på fysisk ungdomskort og ungdomskort på mobilen?

Ungdomar mellom 16 og 20 år i Vestland kan bruke både ungdomsbillett i Skyss billett-appen eller Kringom sitt fysiske ungdomskort.

Skyss ungdomsbillett og Kringom ungdomskort gjeld på dei same transportmidla og kan brukast i heile Vestland. Sjå detaljar over kvar ungdomskortet/ungdomsbilletten gjeld lenger oppe.

Ved å bruke Ungdomsbillett i Skyss billett-app får du fleire fordelar.

  • Du slepp å ha med deg kvittering for gyldig periode i form av ein papirlapp i tillegg til det fysiske ungdomskortet. I staden har du billetten, som også fungerer som kvittering, direkte i appen på mobilen din.
  • Du kan kjøpe ny periode sjølv direkte i appen.
  • Når du kjøper ungdomsbillett for første gong i Skyss billett-app, har du billetten tilgjengeleg med ein gong du har kjøpt han.

Har du spørsmål? Ta kontakt med oss, så hjelper vi deg!

Del dette:

Language Norsk - NorwegianLanguage English - Engelsk