Lokalbåt - passasjer som står ved rekka ute_2

Travel like the locals

«Travel like the locals», eller på norsk «Reis som dei lokale», er eit turkonsept for «ferdigpakka» turar med ordinære rutebussar, ferjer og hurtigbåtar. Vi har planlagt reisa for deg slik at du kan konsentrere deg om å nyte turen.

Du reiser på eiga hand – det er ingen guide eller turleiar med. På dei fleste turane må du bytte mellom ulike transportmiddel fleire gonger, og du er sjølv ansvarleg for å kome med på neste etappe – på same måte som dei lokale reisande. Turane er lagt opp slik at bussar, ferjer og hurtigbåtar korresponderer.

Søk og bestill turen din på www.tltl.no

Starta i Møre og Romsdal - lansert i tre nye fylke juni 2019

Det var Møre og Romsdal fylkeskommune som lanserte konseptet «Travel like the locals» («Reis som dei lokale») i 2016. Kort fortalt er dette spennande reiser til fine destinasjonar med eksisterande buss-, båt-, tog- og ferjeruter.

Frå i år er tilbodet utvida til Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Nærare 50 turar fordelt på dei tre nye fylka er no tilgjengelege for sal på ulike turistkontor og på den felles nettsida www.tltl.no.

I Sogn og Fjordane kan turistar og andre kjøpe billettar til følgjande turar:

  • Rundturar til Svanøy frå både Florø, Førde og Skei
  • Rundtur til Kinn frå både Florø og Førde
  • Kveldstur med båt i skjergarden i Florø
  • Rundtur Skei-Movika-Førde-Skei
  • Rundtur Skei-Førde-Skei
  • Rundttur Skei-Vassenden-Skei
  • Rundtur Skei-Vassenden-Førde-Skei
  • Rundtur Sogndal – Førde- Sogndal, med retur via Vadheim og langs Sognefjorden
  • Rundtur Stryn-Loen-Strun
  • Rundtur Sandane-Stryn-Sandane
  • Rundtur Sandane-Loen-Sandane
  • Rundtur i Nordfjord, med start i Stryn, vidare til Nordfjordeid, Sandane, Byrkjelo og tilbake til Stryn
  • Rundtur Sogndal-Nigardsbreen-Sogndal
  • Éinvegstur Sogndal-Nigardsbreen
  • Einvegstur Nigardsbreen-Sogndal
  • Vandrebussen til og frå Aurlandsdalen, med ulike strekningar til/frå Flåm, Aurland, Vassbygdi, Østerbø og Geiteryggen.

Travel like the locals er eit samarbeid mellom fylkeskommunane Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland, kollektivselskapa/-merkevarene FRAM, Kringom, Skyss og Kolumbus og destinasjonsselskapa i dei fire fylka.

Vilkår for Travel like the locals

Turane kan kjøpast på nett eller over disk på utvalde utsalsstader. Turane kan ikkje bestillast for heilagdagar og i ferieperiodar som påske og jul pga. avvikande rutetabellar.

Travel like the locals-turar har fast pris og er tilgjengeleg for passasjerkategoriane vaksen (16-66 år), honnør (frå 67 år) og barn (4-15 år, barn under 4 år gratis). Det er ikkje studentrabatt på desse turane.

Prisen på produkta er takstpris pluss eit administrativt tillegg som dekker utgifter til bookingsystem, provisjonar og liknande.

Bestilte turar kan avbestillast innan 24 timar før starttidspunktet for turen.

Om bord på transportmidla gjeld transportvilkåra til det ansvarlege transportselskapet.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk