Betaling med kort

Slik kjøper du billett

Her finn du informasjon om korleis du kjøper billett når du skal reise med buss, båt og ferje i Sogn og Fjordane.

Korona og billettkjøp: På grunn av pandemien er det framleis nokre restriksjonar for kjøp av billett. Under finn du oppdatert informasjon.

Lokalbuss

Kringom køyrer lokalbuss og gjennomgåande bussruter mellom regionane i Sogn og Fjordane. I tillegg har vi bybuss og flybuss enkelte stader. Denne informasjonen gjeld for alle desse bussrutene. 

Her kjøper du billett: Du kjøper billett om bord i bussen. Det er ikkje mogleg å kjøpe billett på nett eller på førehand.

Slik betalar du: Du kan bruke anten bankkort, reisekort eller kontantar som betaling om bord. Reisekorta som gjeld i Sogn og Fjordane er ungdomskort, periodekort og verdikort.

Det er bankterminal i alle bussar, der det er mogleg med kontaktlaus betaling. Vi oppmodar alle som kan, om å bruke bankkort eller reisekort når dei skal reise med oss.

Gjennomgåande bussruter

Kringom køyrer også gjennomgåande bussruter. Dette er langruter i Sogn og Fjordane.

Her kjøper du billett: Du kjøper billett om bord i bussen. Det er ikkje mogleg å kjøpe billett på nett eller på førehand.

Slik betalar du: Du kan bruke anten bankkort, reisekort eller kontantar som betaling om bord. Reisekorta som gjeld i Sogn og Fjordane er ungdomskortperiodekort og verdikort.

Det er bankterminal i alle bussar, der det er mogleg med kontaktlaus betaling. Vi oppmodar alle som kan, om å bruke bankkort eller reisekort når dei skal reise med oss.

Bybuss

Kringom har bybuss i Førde og Florø.

Her kjøper du billett: Du kjøper billett om bord i bybussen. Det er ikkje mogleg å kjøpe billett på nett eller på førehand.

Slik betalar du: Du kan bruke anten bankkort, reisekort eller kontantar som betaling om bord. Reisekorta som gjeld på bybussen er ungdomskortperiodekort og verdikort. Legg merke til at du kan kjøpe eigne periodekort for bybuss.

Det er bankterminal i alle bussar, der det er mogleg med kontaktlaus betaling. Vi oppmodar alle som kan, om å bruke bankkort eller reisekort når dei skal reise med oss.

Gyldige i 60 minutt

Enkeltbillettar kjøpt på bybussen er gyldige i ein time frå du har kjøpt han. Det betyr at du kan bytte til ein annan bybuss innan ein time frå du kjøpte billetten. Hugs at du alltid må vise gyldig billett når du går om bord.

Flybuss

Kringom køyrer flybuss til flyplassane i Førde og Sogndal.

Her kjøper du billett: Du kjøper billett om bord i flybussen. Det er ikkje mogleg å kjøpe billett på nett eller på førehand.

Slik betalar du: Du kan bruke anten bankkort, reisekort eller kontantar som betaling om bord. Reisekorta som gjeld på flybussen er ungdomskort og periodekort.

Det er bankterminal i alle bussar, der det er mogleg med kontaktlaus betaling. Vi oppmodar alle som kan, om å bruke bankkort eller reisekort når dei skal reise med oss.

Ekspressbuss

Til og frå Sogn og Fjordane, og på lange strekningar gjennom Sogn og Fjordane, er det mogleg å reise med ekspressbussruter køyrde av Vy og Nor-Way Bussekspress.

Lokale reiser i Sogn og Fjordane med ekspressbuss:

Her kjøper du billett: Du kan kjøpe billett om bord eller på nett på førehand. Nettbillett kjøper du på Vy.no eller Nor-Way.no.

Legg merke til at Vy og Nor-Way oppmodar om å kjøpe billett på førehand også for kortare reiser.

Slik betalar du: Sjå Vy.no og Nor-Way.no for oppdatert informasjon om korleis du kan betale for billetten.

På lokale reiser med ekspressbussane kan du også bruke Kringom periodekort og ungdomskort, hugs at du må ha med deg kvittering for gyldig periode. Det er ikkje mogleg å fylle på periodekort og ungdomskort på ekspressbussane.

Meir informasjon om bruk av ungdomskort på ekspressbussane finn du her.

Fylkeskryssande reiser med ekspressbuss:

På ruter som kryssar fylkesgrensene har ekspressbussane eigne takstar og rabattordningar. Dette gjeld også på reiser som kryssar dei tidlegare fylkesgrensene mellom Hordaland og Sogn og Fjordane.

Her kjøper du billett: Vy og Nor-Way oppmodar reisande om å kjøpe billett på nett på førehand. Nettbillett kjøper du på Vy.no eller Nor-Way.no.

På fylkeskryssande reiser må du ha kjøpt billett på førehand for å vere garantert plass. Billett kjøpt på førehand gir også best pris.

Det er også mogleg å kjøpe billett om bord.

Slik betalar du: Sjå Vy.no og Nor-Way.no for oppdatert informasjon om korleis du kan betale for billetten.

Du kan også bruke ungdomskort på fylkeskryssande reiser med ekspressbuss. På Vy sine avgangar kan du som reiser med ungdomskort reservere plass

Meir informasjon om ungdomskort på ekspressbussane finn du her

Lokalbåt

Kringom køyrer lokalbåt i Sogn og Fjordane.

Her kjøper du billett: Du kjøper billett om bord i båten. Det er ikkje mogleg å kjøpe billett på nett eller på førehand.

Slik betalar du: Det er for tida stopp i kontant betaling. Du kan bruke anten bankkort eller reisekort som betaling om bord. Reisekorta som gjeld i Sogn og Fjordane er ungdomskortperiodekort og verdikort.

Det er bankterminal i alle båtar, der det er mogleg med kontaktlaus betaling.

Ekspressbåt

Det går ekspressbåtruter mellom Sogn og Bergen, og mellom Nordfjord og Bergen. Det er Norled som køyrer ekspressbåtane mellom Sogn og Fjordane og Bergen.

Her kjøper du billett: Det er tilrådd å kjøpe billett på nett på førehand, det gjer du på Norled.no 

Det er også mogleg å kjøpe billett om bord. Sjå Norled.no for oppdatert informasjon om korleis du kan betale for billetten om bord i båtane.

Ferje

Ferjesambanda i Sogn og Fjordane vert trafikkerte av ulike operatørar.

Sjå nettsida til den enkelte operatør for meir informasjon.

Tinging av plass

Enkeltreisande har reisegaranti, og treng ikkje tinge plass på førehand for bussreiser internt i Sogn og Fjordane. 

Legg merke til: For grupper over 9 personar må det tingast plass på førehand hos ruteselskapet. Kontaktinfo til dei ulike ruteselskapa finn du her.

Billettkjøp i reiseplanleggaren

Du kan ikkje kjøpe billett gjennom reiseplanleggaren Entur for reiser i Sogn og Fjordane. 

Korleis skille mellom lokalbuss og ekspressbuss

I reiseplanleggaren er avgangar køyrde av Kringom-bussar og ekspressbussar markerte slik:

  • Busslinjer som har vanlege nummer er bussar frå Kringom. Dette gjeld lokalbussar, gjennomgåande bussar og bybuss. Alle Kringom sine avgangar er også merkte med: Buss med Kringom over linjenummeret.

  • Flybussane frå Kringom i Førde og Sogndal er markerte med FB og eit nummer.

 

Del dette:

Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk