Reisegaranti

Reisegarantien gjeld for buss og hurtigbåt og forpliktar oss til å gjere vårt beste for at du skal kome fram i rett tid.

Korona: Kapasiteten om bord er inntil vidare redusert for å ivareta Helsedirektoratets og Folkehelseinstituttets anbefalingar for å begrense og forsinke utbrudd av Covid 19. Som kunde har du rett til transport innanfor den kapasiteten vi har moglegheit til å ha med om bord. Det betyr at reisegarantien ikkje gjeld hvis transportmiddelet du skal reise med ikkje har plass.

Dersom det likevel skulle oppstå forseinkingar eller annan svikt i kollektivtilbodet, vil vi:

  • Gje deg best mogeleg informasjon om kva som skjer
  • Så tidleg som mogeleg gje deg informasjon om alternativ(e) transport/reisevegar
  • I den grad det er praktisk mogeleg, setje opp alternativ transport

Vi vil alltid gjere vårt beste for å lære av feila våre og unngå at dei skjer igjen. Dersom vi ikkje kan tilby alternativ transport, vil vi refundere dokumenterte utlegg du har hatt til drosje og/eller eigen bil eller annan alternativ transport dersom du blir meir enn:

  • 20 minuttar forseinka på reiser under ein time - med inntil 550 kr
  • 40 minuttar forseinka på reiser mellom ein og tre timar - med inntil 825 kr
  • 60 minuttar forseinka på reiser over tre timar - med inntil 1100 kr

På reiser over tre timar vil du få dekt faktiske kostnader til overnatting dersom forseinkinga fører til at du ikkje kjem fram dit du skal før dagen etter.

Pass på at du brukar gjeldande rutetabell og informasjon om kollektivtilbodet. Det gjeld ofte eigne rutetabellar i samband med høgtidsdagar og feriar.

For å gjere eit krav gjeldande må du levere eit reisegarantiskjema eller ein skriftleg førespurnad seinast ein månad etter hendinga. Vi vil svare på førespurnaden din snarast råd og seinast ein månad etter at vi har motteke den.

Når gjeld garantien?

Retten til refusjon gjeld ved alle avvik som ikkje er annonserte på førehand. Refusjonen gjeld andre rutetilbod, drosje eller eigen bil* . Dersom du veit at du vil vere godt hjelpt med eit anna rutetilbod bør du bruke det, i tillegg til drosje.

Reisegarantien gjeld for enkeltreiser og når du har overgang i reisene dine. Du må rekne lang nok overgangstid i tillegg til nødvendig gangtid dersom det ikkje er fast korrespondanse.

Særskilt for buss
Reisegarantien gjeld òg ved forseinkingar som skuldast fråkøyring på grunn av plassmangel. Merk at fråkøyring fordi det ikkje er plass til barnevogn ikkje gir rett på refusjon. 

Reisegarantien gjeld ikkje dersom det er 20 minutt eller mindre til neste avgang etter rutetabellen. Reisegarantien gjeld heller ikkje dersom forseinkinga eller innstillinga skuldast tilhøve utanfor vår/transportøren sin kontroll, slik som:

  • Offentlege påbod og forbod, streik og liknande
  • Naturkatastrofar
  • Ekstraordinære vêrtilhøve (t.d. kraftig snøfall, ras, flaum eller eksepsjonelt glatt vegbane)
  • Vegarbeid eller uventa problem med køyrevegen
  • Store arrangement eller andre trafikale tilhøve som påverkar kollektivtrafikken i stor grad

Reisegarantien dekker heller ikkje følgjeskadar av forseinkinga, t.d. om du ikkje rekk ein tannlegetime, forretningsavtale eller flyavgang.

Reisegarantien gjeld ikkje på ferje.

Reisegarantien er ei nasjonal ordning som er utarbeidd av «Kollektivtrafikkforeningen»  og «Transportbedriftenes Landsforening». 

* Ved refusjon av kilometergodtgjersle kan sjåføren berre sende inn krav dersom fleire reiser saman. Refusjonen gjeld berre kilometergodtgjersle, ikkje bompengar og parkering. 

For å søke om refusjon av reiseavgifter i samband med reisegaranti for Kringom sine reiser, fyll du skjemaet ved å klikke her. 

Har du reist med Vy, tidlegare Nettbuss, finn du deira reisegaranti og skjema her.

Har du reist med Nor-Way finn du deira reisegaranti og skjema her.

 

 

Del dette:

Relaterte lenker

Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk