Opne framdører og påbod om munnbind

Alle Kringom sine bussar har no opne framdører. Vi minner om munnbindpåbodet.

Med opne framdører, kan du igjen kjøpe billett som vanleg hos sjåføren.  

Nordfjord og Sunnfjord: Her kan du ikkje lenger betale med Vipps. Har du kjøpt periodebillett i Vipps før 26. januar, kan du bruke denne ut perioden. Gå inn framme og vis Vipps-kvittering til sjåføren. 

Sogn: Ikkje gå inn framdøra utan munnbind. Er du under 12 år eller ikkje kan bruke munnbind av medisinske eller andre årsaker, må du gå inn bakre dør, og då kjøper du billett i Vipps-appen.

Slik betalar du når du kjøper billett om bord: Du kan bruke  anten bankkort, kontantar eller reisekort som betaling om bord på alle bussane. Reisekorta som gjeld i Sogn og Fjordane er ungdomskort, periodekort og verdikort

Påbod om munnbind

Vi ber om at du held så god avstand til sjåfør som mogleg. Munnbindpåbodet gjeld framleis. Det er påbod om munnbind i heile landet på stadar der det ikkje er mogleg å halde ein meter avstand til andre. Vi ber også om at dei fremste setene i bussane ikkje blir nytta. Dette for å halde god avstand til sjåføren.

Det er passasjerane sitt ansvar å skaffe og bruke munnbind. Sjåfør/mannskap har ikkje moglegheit til å kontrollere dette. Ikkje ta av deg eller kast munnbindet før du er ute av transportmiddelet og har forlate området med trengsel.  Meir informasjon om munnbind og korrekt bruk finn du på Helse Norge sine nettsider 

Helsemyndigheitene anbefaler ikkje munnbind for barn under ungdomsskolealder. Barn under 2 år skal ikkje bruke munnbind. 

 

 

Del dette:

Language Norsk - NorwegianLanguage English - Engelsk