Photoevent

Periodekort

Passar for deg som reiser mykje på ei fast strekning med buss eller passasjerbåt i Sogn og Fjordane. 

Reiser du den same strekninga fram og tilbake kvar virkedag i ein månad (20 dagar), vil eit periodekort gi deg over 50% rabatt.

(Merk: Reisande med buss i kombinasjon med passasjerbåt i Florabassenget kan kjøpe Periodekort Kombi).

Periodekortet er personleg og gjeld for ein vaksen eller eit barn på ei bestemt strekning i Sogn og Fjordane i Vestland i 30 dagar frå kjøpsdato, med uavgrensa tal reiser. Periodekort for barn gjeld berre for privatkundar.

Merk: Periodekort på Vy

Dersom du skal nytte Kringom sitt periodekort på reiser med Vy i Sogn og Fjordane, kan du bli bedt om å vise fram gyldig kvittering. Ta difor vare på kvitteringa du får når du fyller på kortet. Om du mister kvitteringa, kan du be sjåføren på ein Kringom-buss om å få ein kopi av kvitteringa.

Kjøp og fornying av periodekort

Kortet får du kjøpt ved å ta kontakt med ruteselskapa, eller bestille det elektronisk ved å følgje lenkene nedanfor. Hugs å legge ved bilde av deg sjølv når du skal bestille periodekort. 

Du kan fornye periodekortet på bussen/båten* eller på kontoret til ruteselskapet. Kvar gong du skal fylle på kortet må du vise legitimasjon. 

* = Ikkje på Vy sine bussar.

Pant og refusjon

Når du kjøper periodekort for første gong, må du betale 100 kr i pant for produksjon av kortet. Pant vert refundert på alle kort som ikkje skal brukast meir og som vert innlevert. Dersom kortet er øydelagt, vert ikkje panten refundert.

Ved sjukdom slik at kortet ikkje kan nyttast, betaler selskapa tilbake 1⁄30 av månadsprisen pr. dag kortet ikkje har vore nytta, men ikkje for færre enn 10 dagar. Tilbakebetalinga gjeld 30 dagar frå kjøpsdato.

Merk: Du treng ikkje legge ved dokumentasjon på sjukmelding dersom du ikkje får nytta periodekort/ungdomskort grunna korona-situasjonen.

Del dette:

Relaterte lenker

Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk