Photoevent

Periodekort Kombi

Reisande med buss og passasjerbåt i Florabassenget kan kjøpe Periodekort Kombi.

Periodekort Kombi gjeld berre for buss i kombinasjon med passasjerbåtar i Florabassenget.

Med eit Periodekort Kombi får du 25% rabatt i tillegg til den vanlege periodekortrabatten på buss og passasjerbåt. Rabatten kan ikkje kombinerast med rabatt for studentkort. Merk: Kaiavgift frå Flora kommune kjem i tillegg, denne vert det ikkje gitt rabatt på.

Kortet er personleg og gjeld for ein vaksen eller eit barn på ei bestemt strekning i 30 dagar frå kjøpsdato, med uavgrensa tal reiser. Periodekort for barn gjeld berre for privatkundar.

Kortet får du kjøpt ved å ta kontakt med ruteselskapa, eller bestille dei elektronisk ved å følgje lenkene nedanfor. Hugs å legge ved bilde av deg sjølv når du skal bestille periodekort. 

Periodekort Kombi for båt-buss og buss-båt kan ein kjøpe hos Fjord1 og Firda Billag. For buss-båt-buss-reise, må ein kjøpe kort hos Firda Billag.

Du kan fornye ditt periodekort på bussen (ikkje Vy sine bussar), båten eller på kontoret til ruteselskapet. Hugs gyldig legitimasjon ved kjøp og påfylling av kortet. 

Når du kjøper periodekort for første gong, må du betale 100 kr. for produksjon av kortet. Pant vert refundert på alle kort som ikkje skal brukast meir, og som vert innlevert. Dersom kortet er øydelagt, vert ikkje panten refundert.

Ved sjukdom slik at kortet ikkje kan nyttast, betaler selskapa tilbake 1⁄30 av månadsprisen pr. dag kortet ikkje har vore nytta, men ikkje for færre enn 10 dagar. Tilbakebetalinga gjeld 30 dagar frå kjøpsdato.

Kringom-Periodekort lite.jpg

Del dette:

Tips en venn Skriv ut

Relaterte lenker

Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk