Photoevent

Periodekort Bybuss

Periodekort for bybuss er eit godt alternativ for deg som bur i Førde og Florø.

Reiser du med bybussen meir enn 22 gonger i løpet av 30 dagar, løner det seg å kjøpe periodekort. Er du student, løner det seg allereie frå tur nummer 18.

Prisar:

  • Vaksen kr 440,-
  • Born kr 220,-
  • Student kr 265,-

Periodekort på bybussen er personleg og gjeld for eit uavgrensa tal reiser med bybussen i enten Førde eller Florø i 30 dagar frå kjøpsdato.

Du kan bestille periodekort for bybussen på nett eller på kontoret til Firda Billag i Førde. Fornying av periodekortet kan du gjere på bussen eller på kontoret til Firda Billag.

Bybussen har avgang kvar time frå morgon til kveld på vekedagar, i tillegg til avgangar på laurdagar og søndagar.

Pant og refusjon

Når du kjøper periodekort for første gong, må du betale 100 kr i pant for produksjon av kortet. Pant vert refundert på alle kort som ikkje skal brukast meir og som vert innlevert. Dersom kortet er øydelagt, vert ikkje panten refundert.

Ved sjukdom slik at kortet ikkje kan nyttast, betaler selskapa tilbake 1⁄30 av månadsprisen pr. dag kortet ikkje har vore nytta, men ikkje for færre enn 10 dagar. Tilbakebetalinga gjeld 30 dagar frå kjøpsdato.

Del dette:

Relaterte lenker

Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk