Photoevent

Trygt Heim for ein 50-lapp

Treng du skyss heim natt til søndag?

Målet med «Trygt heim for ein 50-lapp» er å få ungdommane trygt heim på natt. «Trygt heim for ein 50-lapp» er eit tilbod som er ope for alle, men det er spesielt retta mot ungdom mellom 16 og 24 år.

I Sogn og Fjordane i Vestland er tilbodet oppretta ut frå tettstadane Florø, Førde, Nordfjordeid, Sandane, Sogndal og Stryn.

«Trygt heim for ein 50-lapp» går kvar natt til søndag heile året. I tillegg går rutene natt til 1. mai,  natt til 17. mai og natt til 3. juledag. Rutene er lagt opp til å vere både faste ruter og bestillingsruter. For at bestillingsrutene skal gå, må det vere minst tre reisande.

Reisande under 30 år betalar kr 50 medan dei over 30 år betalar kr 100. 

Ved å klikke deg inn på lenkene under finn du rutene som går ut frå dei ulike tettstadane:

Dersom ruta di ikkje står i menyen under næraste tettstad, betyr det at tilbodet ikkje går til heimstaden din.

 

Del dette:

Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk