Om lokalbåt/ekspressbåt

Kringom har ansvar for i alt 4 rutepakkar (kontraktar) for ekspressbåt og lokalbåt i Sogn og Fjordane.

Alle sambanda er anbodsutsett. Det er ein nettokontrakt, som tyder at operatøren sjølv har inntektsansvaret og ansvar for ruteinformasjon, marknadsføring og billettsystem, og tre bruttokontraktar, som tyder at Kringom har inntektsrisikoen og ansvar for ruteinformasjon, marknadsføring og billettsystem. 

Ekspressbåt Sogn og Fjordane (nettokontrakt), Norled (01.05.2012 – 30.04.2022)

  • Nordfjord – Bergen
  • Sogn – Bergen
  • Sommarrute Bergen – Flåm

 

Lokalbåt Gulen, Solund og Askvoll (bruttokontrakt), Fjord1 (01.05.2012-30.04.2022)

  • Gulen – Ytre Solund
  • Hardbakke – Nåra – Mjømna
  • Hardbakke – Kolgrov – Utvær
  • Gåsvær – Midtre Solund – Hardbakke
  • Nord Solund

 

Lokalbåt Flora, Bremanger, Vågsøy og ambulanse i Floraområdet (bruttokontrakt), Fjord1  (01.05.2012-30.04.2022)  

  • Florabassenget
  • Kystvegekspressen Måløy- Smørhamn – Florø
  • Måløy – Silda /Måløy – Hennøystranda

 

Lokalbåt Lærdal, Vik og Høyanger (bruttokontrakt), Fjord1 (01.05.2012- 30.04.2022)

  • Vik – Ortnevik
  • Ortnevik – Måren – Nordeide
  • Flåm – Balestrand
  • Kaupanger kai - Frønningen

Lokalbåt - passasjer som står ved rekka ute_2_600x400.jpg

Del dette:

Relaterte lenker

Språk Norsk - Norwegian