Om Kringom

Då Sogn og Fjordane og Hordaland vart til Vestland fylke 1. januar 2020, vart Kringom slått saman med Skyss til ei ny, felles mobilitetseining. Mobilitetseininga har ansvar for buss, bybane, båt og ferje i heile Vestland. Fylkestinget har vedtatt at eininga skal heite Skyss.

Dei to fylka har hatt mange ulike system for administrasjonen av kollektivtrafikken. Frå og med 20. juni blir Kringom til Skyss og Vestland får felles pris- og betalingsløysingar for buss i heile fylket. Les meir på skyss.no om kva som blir nytt i Sogn og Fjordane frå og med 20. juni

Bakgrunnsinformasjon om organisasjonen Skyss finn du samla her.

Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk