Om buss

Kringom planlegg rutetilbodet for busstrafikken og har ansvar for billettsystem, marknadsføring, ruteinformasjon og kundesenter.

Sjølve busskøyringa er konkurranseutsett. Kommersielle trafikkselskapa konkurrerer om å utføre køyringa i dei ulike ruteområda. Kringom handsamar anbodskonkurransane, tildeler kontraktar og følgjer opp kvaliteten på tilbodet.

Trafikkselskapa si oppgåve er å bringe dei reisande frå A til B. Trafikkselskapa kjøper inn og eig bussane, har arbeidsgjevaransvar for sjåførane og utarbeidar skiftplanar.

Sogn og Fjordane er delt inn i tre ruteområde, der desse trafikkselskapa har kontrakt på busskøyringa:

  • Sunnfjord: Firda Billag Buss AS – inngått 2016, varigheit 8 + 2 år
  • Nordfjord: Firda Billag Buss As – inngått 2014, varigheit 8 + 2 år
  • Sogn: Tide Buss AS – inngått 2017, varigheit 8 + 2 år 

Nye anbodskonkurransar blir utlyste i god tid før kontraktane går ut.

Kringom har ikkje ansvar for kommersielle ruter, som NOR-WAY Bussekspress og Vy sine ruter. Det er fleire kommersielle ruter gjennom Kringom sine område: Nordfjordekspressen, Sogn og Fjordane ekspressen, Vy ekspress Sogndal-Voss-Bergen, Valdresekspressen, Øst-VestXpressen, Fjordekspressen, Sognefjordekspressen og Fjordekspressen.

Påstigande passasjer, sommar_600x400.jpg

 

Del dette:

Relaterte lenker

Språk Norsk - Norwegian