Nye linjenummer på buss og båt
7. juni endrar vi linjenummer på buss og båt. Du finn linjenummer i skiltkassen på bussen, i reiseplanleggaren, i rutetabellane, i avviksmeldingar på kringom.no og på informasjonsskjermane på dei største terminalane i Sogn og Fjordane.
Frå og med 7. juni vil linjenummera i Sogn og Fjordane vere delte inn som følger:
- Nordfjord – 100-serien
- Sunnfjord – 200-serien
- Sogn – 800-serien
Båtlinjer får plass i nummerserien til området dei høyrer til.
Oversikt over tidlegare og nye linjenummer
Her finn du liste over tidlegare og nytt linjenummer. Merk at nokre av linjene i tillegg har fått nye destinasjonsnamn.
- Indre Sogn
- Midtre Sogn
- Sunnfjord – Ytre Sogn
- Indre Sunnfjord
- Ytre Sunnfjord
- Indre Nordfjord
- Midtre/ytre Nordfjord
- Båtruter
- Alle linjenummer – komplett oversikt
Bakgrunnen for endringa er at heile Vestland skal få eit felles linjenummersystem, der alle linjenummer i same område høyrer til same serie.
Her finn du alle rutetabellane.

