Kva tid kjem nye busstakstar i Sogn og Fjordane?

I desember 2021 vedtok fylkestinget at heile Vestland skal få felles takstsystem for bybane og buss. Så kvifor byrjar ikkje dei nye takstane å gjelde i Sogn og Fjordane før til sommaren?

– Dei nye takstane blir mykje lågare for dei fleste bussreiser i Sogn og Fjordane, så eg forstår at folk er utolmodige. Men det er rett og slett mange praktiske og tekniske element som må på plass, og vi er opptekne av å kvalitetssikre alle ledda, seier Svein Book Dalsgård, leiar for avdeling kundeopplevingar i Skyss.

Fleire system må bli omprogrammerte

Dei sjølvbetente billettsalskanalane som vert nytta i Hordaland i dag, må bli tilpassa til bruk i Sogn og Fjordane. Appen Skyss Billett må bli omprogrammert med totalt ti soner. Appen treng nye kartfiler med alle stadnamn og nøyaktig geolokalisering av sonegrensene. Skyss sin nettbutikk skal utvidast på same måte.

– Desse arbeida er bestilt frå Skyss sin billettleverandør WTW i Trondheim, seier Dalsgård. Han nemner at leverandøren samstundes held på med fleire andre oppdrag for Skyss, i samband med at Skyss skal fase ut det gamle billettsystemet Atries som har vore i drift i Hordaland sidan 2009. Oppgåvene omfattar mellom anna nye billettautomatar i Bergen, betaling med bankkort på bussane i Hordaland og ny salsløysing for båt, kundesenter og bedrifter.

Sjåførar treng opplæring

– Vi skal behalde billettsystemet som vi har om bord i bussane i Sogn og Fjordane, men baksystemet må programmerast på nytt, fortel Dalsgård. I dag er billettkjøpet kilometerbasert, der systemet reknar ut avstanden frå ein haldeplass til ein annan. Systemet skal bli lagt om til ny sonestruktur og til at ein no skal kunne kjøpe enkeltbillettar og 24-timarsbillettar.

Nokre rabattar og aldersgrenser i Sogn og Fjordane blir endra slik at dei blir like i heile Vestland. Endringane må inn i takstregulativet, som no blir eins i heile fylket.

– Sjåførane i dei tre busskontraktane i Sogn, Sunnfjord og Nordfjord må bli opplærte i nye soner, reglar, rutinar og korleis dei sel billettar i det nye systemet. Dette krev god involvering frå operatørselskapa og tid til kurs for kvar sjåfør, og Skyss må lage naudsynt opplæringsmateriell, forklarer Dalsgård.

Rett informasjon til kundane

Dei reisande må også få god informasjon om dei nye betalingsmåtane. Kva kostar reisa, kor kan ein laste ned appen, korleis verkar SMS-billett, kvar kan ein kjøpe periodebillett når ein ikkje lenger kan kjøpe den av sjåføren, og kva skal ein gjere med det gamle Kringom-kortet? Alt dette skal Skyss gi kundane svar på og planlegg marknadskampanje, plakatar, prislister og utfyllande informasjon på nettsidene.

Avtaleverk må forhandlast på nytt

Ei oppgåve som er mindre synleg, men likevel tidkrevjande, er at Skyss må reforhandle takstavtalane med dei kommersielle busselskapa. Selskap som driv kommersiell bussdrift i Sogn og Fjordane, har eigne billettprisar. I dag er prisane tilnærma like i Sogn og Fjordane, fordi begge er kilometer-baserte.

– Med takstreforma vår med soneprisar, blir våre fylkeskommunale bussar plutseleg mykje billegare. Derfor treng vi nye avtalar, til dømes om korleis vi skal kompensere dei kommersielle selskapa for reisande som går på deira bussar med vår periodebillett. Vi kunne ikkje starte dette arbeidet før det politisk vedtaket var gjort, seier Dalsgård.

Store beløp, grundige prosessar

Prosessen bak vedtaket om nye takstsoner for buss strekk seg bakover i tid til før fylkessamanslåinga. Hordaland fekk ny sonestruktur for buss og bybane i 2018, etter ein lang politisk prosess. Det nye takstsystemet i Hordaland vart vedtatt under føresetnad av at ein skulle evaluere det etter ei viss tid. Då Vestland vart samla til eitt fylke, var det rimeleg å vente på denne evalueringa før ein gjekk vidare med nytt takst- og sonesystem i Sogn og Fjordane. Sidan omlegginga til nye soner har økonomiske konsekvensar, vart saka skjøve til desember i fjor, sidan det er i desember-tinget at fylkespolitikarane vedtek budsjettet for kommande år.

– Grunnen til at prosessar knytt til prissystema tek tid, er at det er svært mykje pengar involvert. Totalt har Skyss nær ein milliard kroner i billettinntekter, som vi er heilt avhengige av til drifta av kollektivtrafikken, forklarar Dalsgård.

– Du skal ikkje skru mykje på prisen for kvar enkelt reisande før effekten kan bli titals millionar kroner. Alle endringar i prissystemet krev derfor grundige utgreiingar med modellering av ulike alternativ, slik at vi veit nokolunde sikkert kva vi gjer.

Nye prisar i juni

– Planen vår er no å få alle dei ulike elementa på plass slik at vi kan setje i gong med nye prisar og tre takstsoner i Sogn og Fjordane 20.juni. Vi håpar og trur at dei nye prisane og nye betalingsmetodar vil bli tatt godt imot når alt er klart, avsluttar Svein Book Dalsgård.

Saka er henta frå skyss.no.

Del dette:

Language Norsk - NorwegianLanguage English - Engelsk