Betaling med kort

Kjøp av billettar

Billettar får du kjøpt om bord på alle rutegåande transportmiddel i Sogn og Fjordane. Du kan betale både med kort og kontantar.

Billettkjøp på nett: Det er ikkje mogleg å kjøpe billett på nett på førehand til Kringom sine lokalbussar, båtar og ferjer i Sogn og Fjordane.

Båt og ferje
På båt- og ferjesamband kan alle typar kort nyttast som betalingsmiddel, både kreditt- og debetkort, i tillegg til kontantar.

Buss
Om bord i bussane er det som hovudregel mogleg å betale med bankkort, både kreditt- og debetkort, i tillegg til kontantar.

Kjøp av billett på nett til ekspressbåt og ekspressbussar

Billettar til ekspressbåtrutene mellom Sogn og Fjordane og Bergen kan kjøpast på internett. Ved å følgje denne lenka kjem du til Norled sin nettbutikk.

Billettar til Vy express og Nor-Way bussekspress sine ruter kan også kjøpast på internett. Med billett kjøpt på nett er du garantert plass på desse rutene.

Tinging av plass
Enkeltreisande treng ikkje tinge plass på førehand for reiser internt i Sogn og Fjordane.

For grupper over 9 personar må det tingast plass på førehand hos ruteselskapet. Kontaktinfo her. 

Del dette:

Tips en venn Skriv ut
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk