Ferjer

Her finn du informasjon om prisane på ferjesambanda i Sogn og Fjordane.

Soneplassering for ferjestrekningar i Sogn og Fjordane

Alle riksvegsamband og alle fylkeskommunale ferjesamband i Sogn og Fjordane følgjer AutoPASS-regulativet for ferjetakst, med nokre unntak. 
For ferjesamband med Riksregulativet for ferjetakst er det betaling både for køyretøy og person. Sjå Statens vegvesen sine sider for meir informasjon om ferjetakst

Oversikt over kva sone dei ulike ferjesambanda ligg i, finn du her. (Soner frå 1. juli 2021 i parantes)

 

Ferjestrekning   Takstsone
Barmen- Barmsund   (2)
Askvoll - Fure   7 (6)
Askvoll - Gjervik   3 (3)
Askvoll - Værlandet   21 (20)
Daløy - Haldorsnes   2 (2)
Måløy - Oldeide   9 (8)
Losna - Rysjedalsvika   13 (12)
Losna-Rutledal   10 (9)
Krakhella - Losna   7 (6)
Fure - Gjervik   9 (8)
Fure-Værlandet   21 (20)
Mjånes - Hisarøy   (1)
Husevågøy - Måløy   6 (5)
Husevågøy - Oldeide   6 (5)
Isane - Stårheim   5 (4)
Smørhamn - Kjelkenes   (13)
Krakhella - Rutledal   15 (14)
Krakhella - Rysjedalsvika   17 (16)
Rutledal - Rysjedalsvika   8 (7)
Gjervik - Værlandet   (21)
     

 

AutoPASS-regulativ

For ferjesamband med AutoPASS-regulativet for ferjetakst er det berre betaling for køyretøy. Det er gratis for passasjerar. For å få rabatt på desse sambanda må køyretøyet ha AutoPASS-brikke.

Sjå Statens vegvesen for AutoPASS-regulativ for ferjetakstar

I Sogn og Fjordane gjeld AutoPASS-regulativet på samtlege samband, unnateke følgjande:

  • Kaupanger-Frønningen
  • Vik-Ortnevik
  • Ortnevik-Måren-Nordeide
  • Florabassenget

er er gjeldande prisar for dei ulike sambanda i tabellane i lenkane under frå 1. juli 2021:

Prisar for alle AutoPASS-samband (inkl. Barmsund - Barmen)

Informasjon om prisar og rabattar

Riksregulativ

For ferjesamband med Riksregulativet for ferjetakst er det betaling både for køyretøy og person. For å få rabatt på desse sambanda må du ha AutoPASS-ferjekort.

Du finn gjeldande prisar for dei ulike sambanda i tabellane under, merk at det er eigen tabell for nullutsleppskøyretøy:

Gjeld følgjande samband:

  • Kaupanger-Frønningen
  • Vik-Ortnevik
  • Ortnevik-Måren-Nordeide
  • Florabassenget

 

Her finn du takstane frå 1. juli 2021:

Periodekort for personar

For reiser på ferje kan du kjøpe eit tidsavgrensa rabattkort i form av eit periodekort for person. Periodekortet gjeld 30 dagar frå og med aktiveringsdato, og gjeld for eit uavgrensa tal reiser for perioden kortet er gyldig. 

Kortet gjeld for ein bestemt person og for ei bestemt reisestrekning, og skal ha foto av den reisande.

Prisar som gjeld frå 1. juli 2021: Takstar for periodekort med uavgrensa tal reiser (sjå punkt 5).

Del dette:

Relaterte lenker

Language Norsk - NorwegianLanguage English - Engelsk