Photoevent

Ekspressbuss

Til og frå Sogn og Fjordane, og på lange strekningar gjennom Sogn og Fjordane, kan du som reisande nytte deg av fleire ekspressbussruter.

Vy og Nor-Way bussekspress har ruter som tek deg til og frå Trondheim, Ålesund, Bergen, Lillehammer og Oslo.

Reiser du lokalt i Sogn og Fjordane med ein ekspressbuss betalar du det same som på lokalbussane. Du kan også nytte Kringom sine kortprodukt og rabattordningar.*

* Merk at du ikkje får nytta Kringom sitt verdikort på Vy sine bussar.

På ruter som kryssar fylkesgrensene har ekspressbussrutene eigne takstar og rabattordningar. Etter 1.1.2020 gjeld dette også på reiser som kryssar dei tidlegare fylkesgrensene mellom Hordaland og Sogn og Fjordane.

Oversikt over ekspressbussrutene:

I tillegg til ekspressbussrutene går det også fylkeskryssande ruter mellom Stryn og Ålesund, mellom Sogndal og Lom, og mellom Flåm og Ål. Informasjon om desse rutene finn du under gjennomgåande bussruter.

Del dette:

Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk