Siplo skisenter i Høyanger, der kommunen har sett opp skibuss til og frå. Foto: Lars Jonas Pedersen.

Treng du skyss heim frå trening eller konsert?

Vi kan hjelpe deg! No kan kommunane - i samarbeid med lokal ungom - søkje om midlar til tilbodet Lokaltransport for ungdom.

 

Sogn og Fjordane fylkeskommune har i år sett av ein million kroner til reisetilbodet som er retta mot ungdom mellom 13 og 19 år. Pengane skal gå til skyss til og frå fritidsaktivitetar på ettermiddag og kveld, når det ikkje går ordinære ruter.

I eit fylke med store avstandar, der ungdomane bur spreidd og ofte langt frå fritidstilboda, er det umogleg å ha eit ordinært rutetilbod som passar alle. 

Det er sett av 1. million kroner som kan nyttast for å betre reisetilbodet for ungdom mellom 13 og 19 år, som treng skyss til og frå aktivitetar på ettermiddag og kveld. 

Kvart år blir kommunane og ungdomsråda inviterte til å utforme eit skyssopplegg, og søkje om prosjektmidlar. 

LTU-midlane blir mellom anna brukte til transport til og frå skisenter, trening, ungdomsklubbar, kino, skuleball, diskotek og konsertar. Lokalt tilpassa skyss for ungdom er praktisk for ungdomane, samtidig som den skapar trivsel fordi den gjer det mogleg for ungdomane å gjere noko sosialt saman.

Ta kontakt med din kommune no! Søknadsfristen for 2019 er 15. mars.

Hausten 2017 vart Sogn og Fjordane tildelt Kollektivprisen for tilbodet Lokaltransport for ungdom. Les meir her.

For detaljar om kva tiltak det blir gitt støtte til, søknad og gjennomføring, sjå invitasjon her.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk