Olav Henjum

Sogndal lokkar systrendingen

– Det må vere lov å slå seg litt laus. No er vi unge, men alvoret kjem fort nok til oss.

Det seier Olav Henjum (18). Han er fødd og oppvaksen i Leikanger og skildrar ein god barndom i bygda. 
– Det var øye godt å vekse opp i Leikanger. Det er noko trygt med at alle kjenner alle i utkantane, og barndommen hugsar eg som ein evig leik med fotball og ski. Det var aldri noko stress. Men vi var sjølvsagt avhengige av at foreldra køyrde oss til Sogndal når vi skulle noko der. 
I dag pendlar han med buss til Sogndal for å gå på skule, og nokre gonger for å trene fotball. Han syng også i kor, men det føregår i Leikanger.
– Det er utruleg kjekt å vere med i Leikanger Mannskor! Det er vel ikkje typisk ”kult” å synge i kor, men eg tek med meg nokre erfaringar som eg meiner er gode å ha med seg på vegen, seier han.

I saftbygda det skjer
I helgane likar Olav å vere med kompisgjengen, og då er det ofte saftbygda og moro der som lokkar ut på laurdagskvelden. Og kanskje jentene? 
– Det er der det skjer! Vi møtest først i Leikanger, men ut på kvelden likar vi å reise inn til Sogndal for å gå ut og treffe andre unge. 
– Og jenter?
– He-he, ja det òg, ler han, før han penslar raskt over på kvifor han set slik pris på helgane.
– Vekene går med til skulearbeid og trening, og det blir stilt mange krav til oss unge. Difor er det godt å kople litt ut i helgene, gløyme kvardagen og berre ha det moro med venner. Alvoret og forpliktingane kjem fort nok, trur eg. Det må vere lov å sleppe seg litt laus.

Alltid eit spørsmål om å komme seg heim
Når han og kompisgjengen reiser på fest i Sogndal, dukkar alltid spørsmålet om korleis dei skal komme seg heim opp.
– Foreldra mine pleier å spør om eg kjem meg heimatt. Eg skal prøve i alle fall, svarar eg, og gir alltid ei melding om kva det blir til. Eg skjønar jo at dei er litt bekymra, og det er vel jobben deira, men det er sjeldan eg kjenner meg utrygg i Sogndal. 
Når kvelden går mot slutten, er det er ikkje alltid like lett å komme seg heim att til Leikanger. 
– Om du ikkje har avtalt med ein sjåfør, så står det mellom ein dyr taxi, å ringe til foreldra eller å overnatte hos nokon i Sogndal. Om vi berre kjem på det, så er den beste løysinga å ta ”Trygt heim for ein femtilapp”-bussen i tretida. Det er eit godt tilbod, og vi burde eigentleg bruke det oftare. Då veit eg heilt sikkert at eg kjem meg heim til Leikanger. Og det er jo det beste, smiler han.

 

Trygt Heim for ein 50-lapp køyrer frå Florø, Førde, Høyanger, Nordfjordeid, Sandane, Sogndal og Stryn.
Rutetider og informasjon om Trygt Heim for ein 50-lapp finn du her.

Del dette:

Tips en venn Skriv ut
Språk Norsk - Norwegian