Periodekort Student

Er du student ved ein fagskule, teknisk fagskule, høgskule eller universitet, og er under 30 år, kan kjøpe Periodekort Student.

Kortet er det same som eit periodekort, men du får 40 % rabatt i tillegg til den vanlege periodekortrabatten. Prisen på periodekortet for di reisestrekning finn du i taksttabellen for lokalbuss.

Periodekortet er personleg og gjeld for ei einskild strekkje i 30 dagar frå kjøpsdato med uavgrensa tal reiser.

Kortet får du kjøpt ved å ta kontakt med ruteselskapa, eller bestille dei elektronisk ved å følje lenkene nedanfor:

Bestilling av periodekort frå Firda Billag

Bestilling av periodekort Tide

Hugs bilete, gyldig legitimasjon og studentkort ved kjøp og påfylling av kortet.

Ved første gongs utsteding må det betalast kr. 100,- i pant for produksjon av kortet. Pant refunderast på alle kort som ikkje skal brukast meir og som vert innlevert. Dersom kortet er øydelagt, vert ikkje pant på kr. 100,- refundert.

Du kan fornye ditt periodekort på bussen eller på kontoret til ruteselskapet.

Ved sjukdom slik at kortet ikkje kan nyttast, betaler selskapa tilbake 1⁄30 av månadsprisen pr. dag kortet ikkje har vore nytta, men ikkje for færre enn 10 dagar.
Tilbakebetalinga gjeld 30 dagar frå kjøpsdato.

Kringom-Periodekort

Del dette:

Tips en venn Skriv ut
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk