Periodekort Kombi

Reisande med buss og passasjerbåt i Florabassenget kan kjøpe Periodekort Kombi.

Kringom-Periodekort.jpgMed eit Periodekort Kombi får du 25 % rabatt i tillegg til den vanlege periodekortrabatten på buss og passasjerbåt. Rabatten kan ikkje kombinerast med rabatt for studentkort.

Kortet er personleg og gjeld for ein vaksen eller eit barn for ei einskild strekkje i 30 dagar frå kjøpsdato med uavgrensa tal reiser. Periodekort for barn gjeld berre for privatkundar.
Periodekort Kombi gjeld kun for buss i kombinasjon med passasjerbåtar i Florabassenget

Kortet får du kjøpt ved å ta kontakt med ruteselskapa, eller bestille dei elektronisk ved å følje lenkene nedanfor:

Bestilling av periodekort frå Firda Billag

Bestilling av periodekort frå Fjord1

Periodekort Kombi for båt-buss og buss-båt kan ein kjøpe hos Fjord1 og Firda Billag.
For buss-båt-buss-reise, må ein kjøpe kort hos Firda Billag.

Hugs bilete og gyldig legitimasjon ved kjøp og påfylling av kortet.
Ved første gongs utsteding må det betalast kr. 100,- i pant for produksjon av kortet. Pant refunderast på alle kort som ikkje skal brukast meir og som vert innlevert. Dersom kortet er øydelagt, vert ikkje pant på kr. 100,- refundert.

Du kan fornye ditt periodekort på bussen, båten eller på kontoret til ruteselskapet.

Ved sjukdom slik at kortet ikkje kan nyttast, betaler selskapa tilbake 1⁄30 av månadsprisen pr. dag kortet ikkje har vore nytta, men ikkje for færre enn 10 dagar.
Tilbakebetalinga gjeld 30 dagar frå kjøpsdato.

Del dette:

Tips en venn Skriv ut
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk