Ofte stilte spørsmål

Her samlar vi ein del av dei spørsmåla vi får frå reisande.

Pris og billettar

Kva er prisen på bussreisa?

Vi har dessverre ikkje priskalkulator for reiser i Sogn og Fjordane.
Prisar på lokalbuss er basert på reiseavstand, og du finn taksttabell her.

Kan eg kjøpe billett på nett?

Det er ikkje nettsalg av billettar på lokal kollektivtransport i Sogn og Fjordane.
Du kan kjøpe billett på nett til ekspressbussar og ekspressbåtar. Les meir her.

Må eg bestille plass på førehand?

På reiser i Sogn og Fjordane treng einskildreisande ikkje tinge plass. For grupper over 9 personar må det tingast plass på førehand hos hjå ruteselskapet. På reiser med Nettbuss Express som kryssar fylkesgrensa er det ikkje lengre plassgaranti. For å vere sikra plass må billett kjøpast på førehand på nettbuss.no.

Kvar kan eg fylle på kortet mitt?

Du kan fylle på periodekort, ungdomskort og verdikort på Kringom, Nor-Way Bussekspress og Nettbuss Express sine bussar i fylket.

Når får eg kortet mitt?

Har du tinga Ungdomskort eller Periodekort og lurer på når du får det? Ta kontakt med ruteselskapet du tinga kortet hos. Kontaktinformasjon finn du her.

Korleis kan eg vere sikker på å komme med ekspressbåten?

Skal du vere sikker på at du får plass med ekspressbåten bør du tinge plass før du reiser.
For å sikre deg plass kan du:
- bestille billett på norled.no
- sende epost til kundesenter på booking@norled.no, eller
- ringe kundesenter på +47 5186 8700

Reisevilkår

Kva har eg rett på om bussen er forseinka eller ikkje kjem?

Reisegarantien forpliktar ruteselskapa til å gjere sitt beste for at du kjem fram i rett tid. Les om reisegarantien og kva du har rett på her.

Kan eg ta med dyr på bussen?

Hundar/dyr er ikkje tillat på NOR–WAY Bussekspress, Nettbuss Express og Sjukehusbussen sine ruter i Sogn og Fjordane. Politihund i følgje med uniformert politi eller følgjehund til blinde, i følgje med blinde, er tillete.
Vi gjer merksam på at forbodet gjeld der NOR–WAY- og Nettbuss Express–ruter gjer transport på lokale samband. På andre lokale ruter har hundar tilgang, med mindre sjåføren meiner hunden er til skade, ulempe eller sjenanse for andre passasjerar.

Les meir om reisevilkår her.

Er det plass til rullestol?

Alle fylkeskommunale ruter er pr 19. juni 2017 universelt utforma. Det betyr at det er rullestolheis og det er plass til minimum ein rullestol på kvar buss.
For dei kommersielle rutene til Nor-Way og Nettbuss Express gjeld eigne reglar:
Nettbuss Express
Nor-Way Bussekspress

Ruteopplysning

Eg finn ikkje tidspunkt for reiser fram i tid, når blir reiseplanleggar oppdatert?

Rutedata i reiseplanleggar blir oppdatert minimum fire månader før reisetidspunkt.
(I enkelte høve er reiseplanleggaren avhengige av rutedata frå kommersielle aktørar, andre fylkeskommunar eller liknande. Dersom data frå desse manglar blir også reiseplanleggaren mangelfull).

Eg finn ikkje rutetabell for reiser fram i tid, når blir rutetabellane publisert?

Om ikkje rutetabell for di reise er oppdatert, prøv rutesøk i vår reiseplanleggar. Den vil til ei kvar tid vere oppdatert for Kringom sine ruter minimum fire månader fram i tid.
(I enkelte høve er tabellane avhengige av rutedata frå kommersielle aktørar, andre fylkeskommunar eller liknande. Dersom data frå desse manglar blir også tabellen mangelfull).
 

Del dette:

Tips en venn Skriv ut
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk