Reiseplanleggar[1]

Ny reiseplanleggar på kringom.no

No kan du søke på rutetilbodet i heile landet på kringom.no.

Frå i dag treng du berre ein reiseplanleggar. På kringom.no finn du frå i dag buss, tog, trikk og båtruter i heile landet. 

Utsjånaden på reiseplanleggaren og resultatet er oppdatert og vi håper det no blir lettare å finne fram i kollektivtilbodet i fylket og på tvers av fylkesgrenser.

Nytt er også at det er høve til å søke på avgangar frå "Min posisjon". Reiseplanleggaren vil då finne dei nærmaste haldeplassane til der du er.

Vi opplever nokre problem med den nye løysinga, blant anna kva periode det er mogleg å søkje på, høve til å søke med eit via-punkt og nokre korrepspondansar manglar. Dersom det er noko du saknar i den nye løysinga, send gjerne ein e-post til kringom@sfj.no.

Del dette:

Tips en venn Skriv ut
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk