Thea Bygstad

Når Thea reiser på fest, set mora vekkarklokka på

–Alle kan gjere noko dumt på fest, men då sørgjer vennene dine for at det ikkje endar i farlege situasjonar og at du kjem deg trygt heim.

Det seier Thea Bygstad (18), som kjem frå den vesle grenda Frammarsvik i Naustdal. Ho pratar om det å komme seg heim når ein bur avsides til, både frå aktivitetar i kvardagen og frå fest i helgene. Sjølv har ho vakse opp 6 kilometer frå sentrum og 2 mil frå næraste by, Førde, og er vand med å planlegge transporten.    
– Om du vil finne på noko, skal på trening, møte venner eller noko anna som skjer sentralt, må du passe på at du kjem deg til og frå. Det går ikkje bybuss der eg bur, heller ikkje gangveg.  
Likevel ser ho flest gleder med å vekse opp på bygda.
– Det følgjer med ein enorm fridom. Det er alltid kort veg til friluftsaktivitetar og naturen er ein gedigen leikeplass rett utanfor døra; Om sommaren sprang vi ned til fjorden og bada, om vinteren hadde vi verdas lengste akebakkar.

Mor må vite
Thea sine foreldre og besteforeldre har stilt opp som sjåførar i barndommen og ungdommen. 
– Eg har vore heldig. Det var alltid nokon som kunne køyre meg på aktivitetar, så eg føler ikkje at eg har gått glipp av noko.
No som ho er atten år og har lappen, kan ho køyre sjølv. Men på laurdagane reiser ho av og til på fest i Førde, og då må ho vite at ho kjem seg heim att. Og helst skal mor også vere informert.  
– Mamma set ringeklokka på tre natt til søndag om eg er på fest. Har ho ikkje høyrt noko frå meg då, så tek ho kontakt og spør korleis eg kjem meg heim, ler Thea.

Fyllekøyring er ikkje kult
– Eg forstår godt at foreldra er bekymra når dei unge er ute på fest. Dei tenker sikkert det verste, som at du skal bli gåande åleine eller sovne i ei grøft. Heldigvis er det ikkje så gale som dei trur, og ungdommar er flinke til å ta vare på kvarandre. Alle kan gjere noko dumt på fest, men då sørgjer vennene dine for at det ikkje endar i farlege situasjonar og at du kjem deg trygt heim. 
Det er sjeldan at ho opplever farlege situasjonar, og skjer det noko som ho ikkje er komfortabel med, seier ho i frå. Som den gongen ein kjenning ville køyre i fylla. 
– Vi var på fest og trengte transport, då ein av dei som var med sette seg i førarsetet for å køyre, sjølv om han hadde drukke. Vi andre tok ansvar og nekta han det. Du blir fort nedstemt om du prøver å køyre i fylla. Det er ikkje kult!
Ho har også opplevd at det har gått vel fort mellom Førde og Naustdal.
– Oi, dette var litt ekkelt, hugsar eg at eg tenkte, og bad sjåføren roe ned. Men det kan vere litt vanskeleg å seie i frå, innrømmer ho.

Søv og syng på bussen
I det siste har ho nytta seg av Kringom sitt tilbod ”Trygt heim for ein femtilapp” for å komme seg heim.
– Det er ei genial løysing for oss i distrikta. Då veit du at du kjem deg heim frå fest natt til søndag. Og så er det mykje billegare enn taxi! 
Ho humrar når ho blir bedt om å skildre stemninga på bussen.
– Det er anten eller; nokre søv medan andre syng. Ein gong var det med ei dame som sat og klaga på alt og alle frå Førde til Naustdal, heilt til ein annan fyr byrja å klage over at ho klaga så mykje, ler ho og skryt av sjåførane.
– Dei er tolmodige og syter for at vi kjem oss trygt heim. Om det er langt frå busshaldeplassen til huset ditt, så køyrer dei deg heilt til døra. Og om nokon treng litt ekstra hjelp, så syter dei for at du får det. Dei lempar deg ikkje berre av. Eg er glad for at vi som bur i distrikta har dette tilbodet. Det trur eg mamma er også, for då slepp ho at vekkarklokka ringer midt på natta, smiler ho.

 

 

Trygt Heim for ein 50-lapp køyrer frå Florø, Førde, Høyanger, Nordfjordeid, Sandane, Sogndal og Stryn.
Rutetider og meir informasjon om Trygt Heim for ein 50-lapp finn du her.

Del dette:

Tips en venn Skriv ut
Språk Norsk - Norwegian