Gjeld til 31. desember 2017

Rabattar og vilkår på buss i Sogn og Fjordane

Nedanfor finn du informasjon om rabattar og vilkår for bussreiser i Sogn og Fjordane. 

TAKSTAR

Vaksne:
Minstetakst kr 30.

Barn:
Barn betaler minstetakst kr 15. For barn frå og med 4 år til og inntil 16 år vert det rekna ½ takst av vaksen takst avrunda oppover til næraste heile krone. Frå og med den dagen ein fyller 16 år betalar ein vaksen takst. Barn under 4 år (maks 2 barn kvar vaksen) reiser fritt når dei er i følgje med ein vaksen person (min. 16 år). Barn som reiser aleine skal vere i skulepliktig alder og kunne ta ansvar for seg sjølv.

Reisety:
Av vanleg reisegods vert det teke med fritt inntil 20 kg. Reisegods over 20 kg vert teke med etter plass, men då mot godtgjersle kr 2 pr. kg uansett reiselengde.

Barnevogner:
Barnevogner vert tekne med fritt på billetten.

Sykkel:
Dersom plassen tillet det, vert syklar tekne med til barnetakst, minimum kr 15.

Hundar/dyr:
Hundar/dyr er ikkje tillat på NOR–WAY Bussekspress, Nettbuss Express og Sjukehusbussen sine ruter i Sogn og Fjordane. Politihund i følgje med uniformert politi eller følgjehund til blinde, i følgje med blinde, er tillete.

Vi gjer merksam på at forbodet gjeld der NOR–WAY- og Nettbuss Express–ruter gjer transport på lokale samband. På andre lokale ruter har hundar tilgang, med mindre sjåføren meiner hunden er til skade, ulempe eller sjenanse for andre passasjerar.
 

BILLETTAR:
Billettane er å få kjøpt om bord i bussane, og kan betalast kontant eller med kort. Framleis er det på dei fleste bussane berre mogeleg å betale med kredittkort, men det vert jobba med å innføre løysingar som gjer at også debetkort kan nyttast. Ved ugyldig billett skal det betalast dobbel takst, minimum kr 300.
 

PLASSTINGING:
På reiser i Sogn og Fjordane treng einskildreisande ikkje tinge plass. For grupper over 9 personar må det tingast plass på førehand hos hjå ruteselskapet. På reiser med Nettbuss Express som kryssar fylkesgrensa er det ikkje lengre plassgaranti. For å vere sikra plass må billett kjøpast på førehand på nettbuss.no.

RABATTAR:

Militær:
Vernepliktig mannskap (korporalar og menige) og sivil tenestepliktige får 50% rabatt mot å vise vernepliktsbok eller innkallingsordre. Vernepliktige med uniform og vernepliktsbok får 90% rabatt ved reiser på ekspressbuss, men kun 50% rabatt på eventuell ferje– eller bombillett inkl. i bussbillett. Minstetakst kr 30,-.

Honnørrabatt:
50% rabatt på vaksen enkelttakst avrunda oppover til næraste heile krone. Honnørrabattordninga gjeld for personar som er fylt 67 år, samt for uføre som har rett på uførepensjon av Folketrygda. Ordninga gjeld og for personar som reiser saman med ektefelle som stettar eit av ovanfornemnde krav. På ruter køyrt av ekspressbussar på fylkeskryssande reiser vert rabatten 33%.

Grupperabatt:
Dersom 2 eller fleire personar reiser saman og løyser ein fellesbillett til same haldeplass, skal det innvilgast 25% rabatt på minigruppe høvesvis vaksen– eller barnebillett. For grupper på 9 eller fleire personar (med felles billett tinga på førehand) innvilgast 33% rabatt ved bestilling minimum 24 timar før avreise.
Grupperabatt gjeld berre for personar som skal betale vanleg barne– eller vaksenbillett. Minsteavstand er 9 km med minimumspris lik minstetakst ordinær vaksenbillett. Militærrabatt, honnør og⁄eller skulerabatt skal ikkje reknast med i ei slik gruppe.
Billettakstar der ferjebillett, bru– og bompenger er inkludert, skal alltid avrundast opp til næraste beløp i takstregulativet.

Skule– og studentrabatt:
Studentar og elevar i grunn– og vidaregåande skule får 25 % rabatt på vaksen einskildtakst avrunda oppover til næraste heile krone. Studentrabatt blir gjeve til norske eller utanlandske studentar med studium i Noreg eller utlandet på fagskule, høgskule, folkeuniversitet og universitetsnivå, mot å vise gyldig studiebevis med foto og kvittering for betalt semesteravgift.
Det er inga øvre aldersgrense for studentrabatt for einskildbillettar i Sogn og Fjordane.

Rabatten gjeld ikkje kortvarige kveldskurs, språkkurs og vaksne i full stilling med unnatak av kurs i norsk med samfunnskunnskap i minst 10 timar i veka i meir enn 3 månader med kursbevis, som viser skulegang, personidentitet med foto, namn på kursarrangør, kursstad og lengda på kurset.

Studentbevis er gyldige til 31. januar for hausten og til 31. august for våren.

Ledsagarrabatt:
Følgje til funksjonshemma person reiser fritt ved framvising av ledsagarprov. Rett til fri reise gjeld ikkje fylkeskryssande reiser.

Verdikort/Periodekort/Ungdomskort:
Sjå eigne sider for informasjon om dei ulike rabattkorta i Sogn og Fjordane.

 

Vilkåra gjeld for reiser internt i fylket.
Vilkår for reiser over fylkesgrensene:
Nettbuss Express
Nor-Way Bussekspress

Del dette:

Tips en venn Skriv ut

Relaterte lenker

Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk