Vilkår for reiser med buss og båt i Sogn og Fjordane

Nedanfor finn du informasjon om vilkår for kollektivreiser med buss og båt internt i Sogn og Fjordane. Desse gjeld for alle operatørar.

1. Kundekategoriar

Kategori Definisjon
Vaksen Person frå og med fylte 16 år, til og med fylte 67 år.
Barn Frå fylte fire år til og med 15 år.
Barn under fire år reiser gratis.
Honnør og ufør Person med gyldig honnørkort eller moderasjonskort for døvblind, samt sambuar, ektefelle eller registrert partner (iht. partnerskapslova) når desse reiser saman.
Skuleelev og student Elevar i grunn- og vidaregåande skule.
Heiltidsstudent ved høgskule eller universitet frå fylte 19 år til og med månaden ein fyller 30 år.
Følgje/ledsager Følgje/ledsager til person som kan visa fram gyldig følgjekort/ledsagerbevis.
Militær Personell i førstegongsteneste med gyldig legitimasjon.
Minigruppe Ekspressbåt 2-11 reisande som løyser vaksenbillett om bord eller ved ekspedisjonar og billettkontor.
Gruppe Båt 12 eller fleire personar som reiser saman. Gjeld ikkje honnør.
Gruppe Buss To eller fleire personar som løyser ein felles billett til same haldeplass, til barne- eller vaksentakst for alle reisande. Minsteavstand er ni kilometer, med minimumspris lik minstetaksten.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

2. Takstar og rabattar

Vaksentakst er utgangspunkt for utrekning av rabatt. Ein kan berre nytte seg av ein type rabatt per billett.

Kategori Rabatt
Vaksen Vaksentakst
Barn Barn under fire år gratis. Frå fylte fire år betalar barn barnetakst som er halv vaksentakst.
Honnør 50 % rabatt på einskildbillettar.
Skuleelev og student Buss 25 % rabatt på einskildbillettar og 40 % rabatt på periodekort.
Skuleeelev og student Båt 50 % rabatt på einskildbillettar.
Ledsager/følgje Gratis.
Militær 50 % rabatt på einskildbillettar.
Minigruppe Båt 25 % rabatt på vaksentakst.
Gruppe Båt 18 % på vaksen- eller barnetakst.
Gruppe Buss 25 % på vaksen- eller barnetakst.
Ufør m/bevis Ekspressbåt 50 %
Ufør m/ektefelle Ekspressbåt 50 %
Blinde Ekspressbåt 50 %

 

3. Produkt

3.1. Periodekort

  • Periodekortet er personleg. Det gjeld for ein vaksen eller eit barn for ei fast strekning i 30 dagar frå kjøpsdato, med uavgrensa tal reiser.
  • Periodekort Student kan kjøpast av studentar og skuleelevar og gir 40 % rabatt.
  • Periodekort Kombi gjeld for buss i kombinasjon med passasjerbåtar i Florabassenget og gir 25 % rabatt, i tillegg til den vanlege periodekortrabatten på buss og passasjerbåt.
  • Prisen på periodekortet finst i taksttabellen for lokalbuss.
  • Ved kjøp og påfylling av kortet må ein vise dokumentasjon, jamfør punkt 4. Gyldig reisebevis.

3.2. Verdikort

  • Kan nyttast i staden for kontantar, og gjeld som betaling for alle personreiser på buss og båt innanfor Sogn og Fjordane sine fylkesgrenser. Gjeld ikkje bil på båt.
  • Verdikortet er ikkje personleg, så fleire kan dele på eit verdikort.
  • Verdikortet gir 17 % rabatt når kortet vert nytta på billettar over minstetakst, for vaksen eller barn.
  • Verdikortet må fyllast på med minimum 300 kroner. (Minimum kr 1000 for Norled).

3.3. Ungdomskort

  • Kan kjøpast av personar mellom 16 og 19 år, samt personar som tek til i vidaregåande opplæring frå 15. august, og fyller 16 år i løpet av året.
  • Kan brukast fram til den dagen du fyller 20 år.
  • Ungdomskortet er gyldig for eit uavgrensa tal reiser i 30 dagar frå salstidspunktet.
  • Kortet gjeld på alle kollektivreiser innanfor Sogn og Fjordane sine fylkesgrenser.

3.4. Seniorkort båt

  • Kan kjøpast av alle frå fylte 65 år.
  • Kortet gjeld for eit kalenderår.
  • Innehavar av kortet betalar ein fast, rabattert pris per reise på Norled sine ekspressbåtar i Sogn og Fjordane, uansett reiselengde.
  • Kortet må første gong tingast frå Norled sitt kundesenter på Strandkaiterminalen. Det kan fornyast både der og om bord.
  • Kortet er personleg og kan ikkje nyttast av andre.
  • Kortet gjelder berre med Norled sine ekspressbåtar. Det kan brukast alle dagar utanom fredag ettermiddag og søndagar i retning Bergen, og gjeld heller ikkje på sperredagar ved høgtider som jul, påske og pinse.

3.5. Familiepakke båt

  • For ein eller to vaksne og barn under 16 år på ekspressbåt.
  • Kvar familiepakke kan omfatte opp til fem personar.
  • Eigen minstetakst gjeld der familiepakke ikkje kan nyttast.

3.6. Minipris tur/retur båt

  • 50 % rabatt på retur ved kjøp av tur/retur-billett med ekspressbåt.
  • Returen må nyttast innan 3 veker etter tur.
  • Retur kan ikkje nyttast fredag ettermiddag til/frå Bergen og sundag ettermiddag i retning Bergen, eller på einskilde sperredagar i samband med høgtidene
  • Eigen minstetakst gjeld der minipris ikkje kan nyttast.

3.7. Flybuss

Eigne takstar gjeld for vaksen og barn på flybuss til og frå Førde Lufthamn Bringeland og Sogndal Lufthamn Haukåsen.
Periodekort og Ungdomskort kan brukast på flybuss, medan andre rabattar ikkje gjeld.
Lokalreisande som ikkje skal reise til/frå flyplassen betalar etter ordinært takstregulativ.

3.8. Bybuss

Eigne takstar gjeld for vaksen og barn på bybuss i Førde og Florø.
Det blir ikkje gitt verdikortrabatt på bybuss, fordi bybusstakst alltid er minstetakst.
Billettar kjøpt på bybussen gjeld i ein time frå kjøpsaugeblikket.

4. Gyldig reisebevis

For å ha rett til transport må ein ha gyldig billett, på eit reisekort eller på papir utferda av sjåfør. Ved krav på rabatt må ein vise dokumentasjon i samsvar med gjeldande reglar.

Dette blir rekna som gyldig dokumentasjon:

Rabatt Dokumentasjon
Barn Gyldig legitimasjon med bilde og fødselsdato. Døme er pass, bankkort med bilde, eller elevkort med bilde.
Honnør Gyldig honnørkort eller moderasjonskort for døvblind.
Skuleelev og student Gyldig elevbevis frå vidaregåande skule med foto, eller studentbevis med gyldig semestermerke og foto.
Ledsagar/følgje Gyldig følgjekort/ledsagerbevis.
Militær Forsvarsdepartementet sitt identitetskort (FD-ID). For innkallingsreiser gjeld innkallingsordren som dokumentasjon.

 

5. Reisegods

5.1. Frakt av gods

Operatør på strekninga transporter gods mot fraktgodtgjersle dersom plassen tillèt det.
Levande dyr kan ikkje sendast som gods.

5.2. Barnevogner

Barnevogner kan takast med utan ekstra kostnad, dersom der er plass.

5.3. Sykkel

Syklar kan takast med på buss til barnetakst, dersom der er plass.
Det er eigne takstar for syklar på båt, og plass må tingast på førehand.

5.4. Hundar/dyr

  • På lokale ruter har hundar tilgang, med mindre sjåføren meiner hunden er til skade, ulempe eller sjenanse for andre passasjerar.
  • Hundar/dyr er ikkje tillate på NOR–WAY Bussekspress og Nettbuss Express sine ruter i Sogn og Fjordane. Vi gir merksam på at forbodet også gjeld på fylkesinterne reiser med NOR–WAY- og Nettbuss Express.
  • Politihund i følgje med uniformert politi eller følgjehund til blinde, i følgje med blinde, er tillate.
  • Hundar skal haldast i band under transporten og plasserast slik at dei ikkje sjenerer andre reisande.
  • Dyr som er aggressive, eller sjenerer dei reisande på anna måte, kan setjast av under transporten.
  • Plass for hund på ekspressbåt må tingast på førehand.

6. Pant, refusjonar og gebyr ved bruk av kort

6.1. Pant

Ved første kjøp må det betalast 100 kroner i pant for produksjon av kortet.
Alle kort som ikkje skal brukast meir kan leverast inn. Panten på 100 kroner blir refundert, dersom kortet ikkje er skada eller øydelagt.
Pant blir refundert av det selskapet som selde kortet til kunden første gangen. Unntaket er Ungdomskort, der panten vert refundert av alle selskap.

6.2. Refusjon for dei ulike kortordningane med rest-tid

Ungdomskort og periodekort
Påbyrja periode vert ikkje refundert. Ubrukt, ikkje påbyrja periode, vert refundert med aktuell kjøpspris.

I sjukdomstilfelle
Refusjon vert gjeve med 1/30 av periodekortprisen per dag for påbyrja periode der kortet ikkje har vore brukt, men ikkje dersom dette har vore mindre enn 10 dagar.
Ubrukt periode vert refundert med aktuell kjøpspris.

Verdikort
Kortet kan løysast inn. Verdien i kortet vert refundert med fråtrekk av 10 %, eller maks 100 kroner, i administrasjonskostnader. Det same gjeld om kortet er tapt eller mista, dersom kunden kan dokumentere eigarskap med kvittering og/eller kortnummer. Ubrukt innlevert verdikort vert refundert med det beløpet som er betalt inn på kortet.

6.3. Gebyr

Dersom kortet vert sperra ved misbruk, eller eigaren av kortet ber om at kortet vert sperra, kostar det 100 kroner å få aktivert kortet.

6.4. Teknisk feil

Dersom det skulle vera teknisk feil på eit kort, skal restverdi og pant betalast attende utan fråtrekk for administrasjonskostnader.

7. Gyldigheit

Vilkåra gjeld for reiser med buss og båt innanfor Sogn og Fjordane.
Vilkåra er vedtekne av Hovudutval for samferdsle, og gjeld frå 01.07.18.

Del dette:

Tips en venn Skriv ut

Relaterte lenker

Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk