sjåfør

Kollektivbarometeret 2016

- Vi har det beste mannskapet i landet!

Bussjåførar og mannskap på båt og ferjer i fylket er best likt av alle i heile landet. Dette viser det nye Kollektivbarometeret som samanliknar data frå kollektivtransporten i heile landet.

 

 

Kollektivtrafikkforeningen, som er ein nasjonal bransjeorganisasjon for offentlege aktørar som planlegg, kjøper og marknadsfører kollektivtrafikktenester, vedtok i 2015 å opprette eit nasjonalt kundebarometer og ein nasjonal nøkkeltalsanalyse. Alle Kollektivtrafikkforeningen sine medlemmar har slutta seg til arbeidet, som då blir ein nasjonal undersøking og har fått namnet Kollektivbarometeret.

Folk i heile landet har fått spørsmål om forskjellige aspekt ved kollektivtrafikk, mellom anna har dei blitt spurt om kva inntrykk dei har av personalet om bord i bussar, båtar og ferjer. 
Dei spurde fekk spørsmål om personalet gir korrekte svar på spørsmål og om personalet opptrer høflig og korrekt. 84 % av dei spurde i Sogn og Fjordane seier at dei er nøgd med «personalets opptreden», og dette er høgaste skår i heile landet! Snittet for resten av landet ligg på 73 %.

- Vi er veldig stolte over alle som arbeider på bussar, båtar og ferjer i fylket vårt, seier rådgjevar i samferdsleavdelinga i fylkeskommunen, Tove Berget.
- Dei skal ha oversikt over eit komplekst rutetilbod for å yte ein god service, samstundes som dei skal få dei reisande trygt og sikkert fram dit dei skal. Det er kjekt at vi no får bekrefta mistanken vår om at mannskapet som arbeider med å få dei reisande kringom i fylket er dei beste i landet!

Opinion AS har fått oppdraget med å innhente data til Kollektivbarometeret. Datainnsamlinga skjer gjennom webundersøkingar som rapporterast tertialvis.

Del dette:

Tips en venn Skriv ut
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk